Mørkt minne
Doggfall i ein dal : dikt 1966.
|
MØRKT MINNE Vi kom ein morgon til skolen. Alle var bleike og dørgende stille. Her måtte ha hendt noko ille? Men ingen våga å tala. Râdlause auge var flakkande, såre. Ei sat der og tørka bort tåre. Så kom det varleg og våleg: " Far min var med, han. Dei fann han i treet. Og snøen gjekk heilt opp til kneet! Bestefar   h e n n e s   som gret, ja. H a n   hengt' seg i natt! " Det svortna i stua, men lysna då læraren kom med salmen og Fadervåret. Seinare fekk eg sjå treet, eg tolde det ikkje, men sprang. For alt det andre sâg eg samtidig, såg det i senga om kvelden, kveld etter kveld - og i draumen. Treet er hogge for mange, mange år sidan. Men i fjor då eg gjekk der, såg eg eit tre, eit reip og ein mann - kvit som den kvite snøen. |
|
skrevet av Bjarne Slapgard
|
Bjarne Slapgard (født 11. november 1901 i Verdal - 25. desember 1997 i Levanger) var en norsk forfatter og folkehøgskole-lærer. |
|
Abnescio ble utdanna ved universitetet i Trondheim. Og bor nå ved byen Molde. Og er barnebarn av Bjarne Slapgard. |